Pulsoksymeter og oksygenmetning
Eg har både som utøvar og trenar erfart korleis pulsoksymeter har vorte eit viktig verktøy, både for meg sjølv og utøvarar. Ved å måle oksygenmetinga i blodet, kan eg justera treningsmengda og intensiteten basert på presise data, noko som har ført til merkbare forbetringar i yting og restitusjon.
Pulsoksymetri
Når vi puster, blir oksygenet festa til eit protein i raude blodceller som heiter hemoglobin, og saman blir dei transporterte med blodet rundt i kroppen. Det infraraude lyset på eit pulsoksymeter blir absorbert ulikt på blodceller med og utan oksygen. Dette gjer det muleg å måle kor mykje oksygen som er bunde til hemoglobin i blodet. Dette blir kalla oksygenmetning og varierer normalt mellom 94 og 100 prosent.
Under fysisk aktivitet er det viktig at musklane får tilstrekkeleg oksygen for å produsera energi. Låg oksygenmeting kan avgrensa energiproduksjonen og redusere din uthaldenhet. Det eg har erfart er at utøvarar som følgjer med på oksygenmetinga som ein faktor for å unngå å bli overtrent også presterer betre over tid.
Teknologi
Garmin bruker infraraudt lys saman med pulsmålar (grønt lys) på undersida av klokkene sine for å måle oksygenmeting i blodet. Sjølv om dette ikkje er medisinske apparat, gir dei gode data som kan brukast til å forbetra treningsrutinane. Eg har sjølv erfart at kontinuerleg overvaking gir verdifull innsikt i tilstanden til kroppen, noko som er avgjerande for å planlegge trening og restitusjon.
Utnytt data som er tilgjengelig
Begynn med å etabler ei basislinje ved å samla data over ein periode. Ved å overvaka oksygenmetinga under ulike forhold kan du justera treninga etter behov. Til dømes, ved lav oksygenmeting bør du redusere intensiteten for å unngå overbelastning og skader som igjen kan hjelpe deg med å optimalisere treninga.
Gevinst ved bruk av pulsoksymetri
Nokre av fordelane ved å utnytte data frå klokkas pulsoksymeter:
- Hindre overbelastning: Innsamla data hjelp med å identifisere når kroppen treng kvile, noko som er kritisk for å unngå skadar.
- Økt prestasjon: Optimal oksygenmeting gir betre utholdenhet og betre ytelse, noko eg har sett på fleire utøvera.
- Effektiv restitusjon: Oppsyn med status og data hjelper til med å planlegge periodar med restitusjon, noko som reduserer risikoen for skadar og forbedrer den totale ytelsen.
Oppsummering
Pulsoksymeter har blitt eit viktig element i verktøykassa for mi eiga trening og coaching. Eg og utøvarane får ei djupare forståing av den fysiske tilstanden til kroppen, noko som bidreg til betre treningsplanlegging, auka prestasjon og raskare restitusjon.
Klokker med funksjonen pulsoksymetri
Bruk pulsoksymeteret i treningsprogrammet
Betre treningsplanlegging, auka prestasjon og raskare restutisjon
Frode Lein exploringthelimits.com – Opp og ned før julebordet