posisjonsnøyaktighet ned til 10 cm

Posisjonsnøyaktighet ned til 10 cm

Eg har hatt Garmin GPSMAP 66i ei stund og ein av dei «skjulte» funksjonane eg har satt pris på er muligheten til å registrere rådata for GPS i RINEX-format. Denne funksjonen skriv ekstremt nøyaktige posisjonsdata til loggen. Posisjonsnøyaktighet er helt ned til 10 cm. Her er litt om korleis det fungerer, og korleis du kan utnytta RINEX.

Kva er RINEX?

RINEX står for Receiver Independent Exchange Format, og er ein detaljert fil-standard for utveksling av GNSS-data (Global Navigation Satellite System). RINEX-filer registerer data som avstand til satellitt, sikt-linjefart mellom mottaker og satellitt, og signalstyrke.

Korleis fungerer RINEX?

Når du aktiverer funksjonen RINEX, startar enheten å loggføre GPS-data som lagrast som RINEX-filer. For å utnytte alle detaljane i filene kan du bruke tredjepartsprogram som eksempelvis gratisprogrammet RTKLIB o.l. Desse programma kan konvertere RINEX-data til andre format som er kompatible med Garmin sine standardprogram.


Om du er landmåler, geolog eller bare opptatt av ekstremt god presisjon, vil du kunne analysere kartdata med ein posisjonsnøyaktighet ned til 10 cm.

Erfaring med RINEX

Funksjonen RINEX er eit kraftig verktøy når du er spesielt opptatt av å få ekstremt nøyaktige posisjonsdata. RINEX logger rådata med høy kompatibilitet som lar seg overføre mellom de fleste plattformer og tenester. Eg har den siste tida benytta funksjonen til oppmåling av hyttetomt, geocaching og forskyvning av flytebrygge.

RINEX – posisjonsnøyaktighet ned til 10 cm