Daglige forslag

4% av dagen til fysisk aktivitet

Generasjoner med smartklokker frå Garmin har vore avgjerande for treninga mi, anten det er løping, symjing, langrenn eller styrketrening. Den største utfordringa er å balansere familie, jobb og sosiale forpliktingar, noko som ofte fører til at trening er lett å nedprioritere – med resultat av at det går utover livskvalitet, fysisk og aukande risiko for helseproblem. 4% av dagen til fysisk aktivitet

For ti år sidan sa eg til meg sjølv at ein time, altså 4% av døgnet til fysisk aktivitet bør eg kunne klare – noko som har gjort ein stor forskjell. For meg handler det om opplevelser, å ha det gøy—å smile, le og vere stolt når eg så vidt makter å presse opp den siste repetisjonen på benkpress eller tvinge meg til å ta ein ekstra kilometer. Reisa mi frå 110 kilo til toppform i vaksen alder vart mulig ved å etablere ein treningsstruktur som passa kvardagen, kombinert med disiplin til å følgje planen.

Garmin Coach og «Daglige forslag» til treningsøkter direkte på handa har vore ein unik ressurs og motivasjon i denne prosessen. Med Garmin Connect-appen har eg fått gratis og skreddarsydde treningsplanar som har holdt meg motivert, skapt entusiasme og progresjon. Dette økosystemet, saman med smartklokke, inReach og badevekta – Index Smart Scale, har vore avgjerande for mi noverande helse.
Akkurat som i arbeidslivet, der langsiktig innsats gir resultat, har det å følgje ein treningsplan over tid ført til merkbare forbetringar i mi fysiske form og livskvalitet. Med store og små barn er Garmin Coach eit verktøy som kan bidra til å overvinne tidsklemma og skape rom for ei effektiv treningsøkt kvar dag.


4% av dagen til fysisk aktivitet

Frode Lein – exploringthelimits.com