Klokka mi for ultraløp

Eg – Frode Lein, konkurrerer i nokre av dei mest krevande løp i verda som strekkjer seg over fleire dagar og hundrevis av kilometer gjennom utfordrande villmark og fjell. Eg har lært kor avgjørende rett utstyr er og det er då sjølvsagt at eg vel på øvste hylle – også når det gjeld val av klokke. Eg har fleire klokker, men klokka mi for ultraløp – den må sjølvsagt handtera ekstreme forhold, men også gi meg gode tilbakemeldingar som besluttningsstøtte gjennom dei lange og krevjande distansane.

Klokka mi for ultraløp- Garmin Enduro er designa med nettopp dette i tankane. Enduro er favorittklokka mi i ultraløp og andre lange ekstreme uthaldskonkurransar. Enduro 2 blei ein «game changer» for eventyra mine og her er litt om kvifor.

Robust konstruksjon

Garmin Enduro 2 var konstruert med titan og safirglas for å tola dei mest ekstreme forholda, anten det er varme ørkenar, fuktige junglar, kalde polare strøk eller høge fjellpass.

Klokka mi for ultraløp har vore igjennom 450 km med førti minusgrader på vintertid i Yukon.

Batteritid

Når stressnivået stig og fokus blir endra hos konkurrentar i takt med at klokke eller navigasjonsenehet er i ferd med å gå tom for straum har eg søkelys på det som er viktig – springe raskast mogleg.
Garmin Enduro har truleg den lengste batterilevetida på marknaden, som er avgjerande for konkurransar som spenner seg over fleire daga. Enduro eliminerte behovet for ekstra batteribank eller solcellepanel. Dette er kritisk under konkurransar som kan vara i fleire dagar og der tilgang til straum er avgrensa eller ikkje-eksisterande.

Solcelle

Solcellepanelet på skjermen understøtter og bidreg ekstra til å forlenge batteritida, noko som er spesielt nyttig i avsidesliggende område der lading ikkje er mogleg. Eg likar det å kunne fokusere på prestasjonen utan å bekymra meg for at klokka skal gå tom for straum.

Navigasjon

Navigasjon er essensielt i ultraløp, spesielt i avsidesliggjande område der det ikkje er stiar eller markering. Klokka mi for ultraløp leverer fantastisk punktleghet ved å automatisk justere satellittinnstillingane for å optimalisera batteritida uten å kompromittere presisjonen. SatIQ optimaliserer bruken av dei ulike satellittsystema for å balansere nøyaktighet og batteritid. I område med god dekning bruker klokka berre ett system som GPS, men i utfordrande terreng skiftar den automatisk til ei meir robust satellitt-innstilling som i tillegg inkluderer ein eller fleir system som Glonass eller Galileo.

Sjølv med klokka mi for ultraløp er det ikkje alltid lett å ta gode veivalg.
Rajasthan, India.

Kart

Skjermen på klokka er stor nok til å kunne lese og forstå kart med topografiske konturar og ønska interessepunkt understøtta med gode zoom-funksjoner. NextFork kartrettleiing gir meg mulighet til å sjå avstanden til neste kryss, namn og vegval framfor meg. Dette er spesielt nyttig i diffuse og komplekse løypenettverk for å unngå unødvendige omvegar.

Optimalt tempo

Eg spring mykje på egen føling av tempo. Pulsmålar har eg ofte skrudd av for å spare ytterligere batteri, men det er tre funksjoner som hjelp meg til å disponere kreftene meir presist for å sikra gjennomføring med optimalt tempo – noko som er spesielt nyttig i ultraløp, der energistyring er avgjerande for å nå målet.

Klokka mi for ultraløp var perfekt for  Manaslu-passet i Himalaya, Nepal.
Over Manaslu-passet i Himalaya, Nepal

Lommelykt

Ei lykt på sida av urkassa med kvitt og raudt lys?
Ein funksjon som eg meinte var overflødig, men som eg no ikkje kan vera forutan i krevjande og lange konkurranser: Når eg må bytte batteriet på hodelykta, lys til korte tunneler, toalettbesøk om natta, lesa kart og SOS-funksjon.
Nytteverdien er også høg i det daglige og lyset på Enduro 2 er litt kraftigare enn på Fenix 7-klokkene.

Lykta på klokka mi for ultraløp er fin når eg skal plukke hundebæsj i mørket.

Andre praktiske funksjonar

Klokka mi for ultraløp har også fleire smartklokkefunksjonar som er fint å ha tilgjengeleg i lange og krevjande konkurransar: trådlaus betaling, musikkstrømming og varsling frå telefonen.