Rondane - Høvringen

Datafelt for mosjonisten

For deg som spring for å halde deg i form eller bli betre, er det ikkje nødvendig å komplisere treninga meir enn nødvendig. Gjer det enkelt og fokuser på nokre enkle, men effektive datafelt på klokka som held deg motivert og sjå framgang over tid. Datafelt for mosjonisten kan lettare bidra til å forstå korleis kroppen reagerer på ulike typar trening. Her er nokre forslag til skreddarsaum av datafelt for mosjonisten som kan vere fint å ha:

Rolege løpeøkter

Tid: Overvak total tid for økta. Dette hjelper deg med å halda auge med kor lenge du har sprunge.
Distanse: Oversikt på kor langt du har sprunge, slik at du kan justera løypa eller distansen undervegs.
Puls: Så du held deg i rett pulssone for feittforbrenning eller generelt uthald – ofte er mellom 60-70% av makspulsen din.
Tempo: For å halda eit jamt og passande tempo gjennom heile økta.

Intervalltrening

Rundetid: Hald styr på varigheit av kvart intervall. – vibrasjon er fint
Gjennomsnittspuls: Sjå korleis pulsen din reagerer på intervalla, og justere intensiteten.
Tempo: For at du at du skal kunne halde ønskt tempo.
Kviletid: Kontroll på kvile mellom intervallane, og at du kan førebu deg på neste runde.

Langturar

Tid: Langtur er varigheit, så ha total tid synleg.
Distanse: Sjå kor langt du spring- byggja uthald.
Gjennomsnittstempo: Hald eit jamt og behageleg tempo så du held ut over lang tid.
Puls: Kontroller at du held deg i ein låg til moderat intensitet, slik at du ikkje brenn ut tidleg.
Kaloriar: Sjå energiforbruket under økta – for vektnedgang eller energihandtering.

Tempoøkter

Gjennomsnittstempo: For å halda deg i rett tempo gjennom økta – litt raskare enn normalt løpefart.
Puls: At du ligg i rett intensitetssone, ofte rundt 80-85% av makspuls.
Distanse: Kor langt du har sprunge i tempoøkta for å justera viss nødvendig.
Tid: For å sjå kor lenge du har halde tempoet.

Restitusjonsøkter

Puls: Sørg for at du held deg i lågintensitetssona (rundt 50-60% av makspuls) for optimal restitusjon.
Tid: Sjå kor lenge du har sprunge, slik at du ikkje overdriv på ein restitusjonsdag.
Tempo: Ha eit roleg tempo synleg for å sikra at du held økta lett og avslappa.

Her er nokre eksempler for skreddersaum av datafelt for trening og konkurranse ulike løpsdisiplinar:


Rondane Nasjonal park har ti fjelltopper over 2.000 m. Er du fjellvant er tre topper per tur en flott utfordring, liker du å springe kan du ta fleir eller alle – men husk navigasjon, riktig utstyr og tenk sikkerhet for været snur fort.