Datafelt for ultraløp
Sjølv om klokkene våre tryller fram dei flottaste tal og grafar – har vi alle ulike behov ved trening og konkurransar avhengig av disiplin og ferdigheitsnivå.
Skreddersaum av datafelt for ultraløp på klokkeskjermar kan hjelpe deg med å få meir ut av både treningsøktene og konkurransar. Spring du lange ultraløp vil rask tilgang til nødvendig informasjonen for å ta dei rette avgjerdene undervegs i konkurranser ha stor betydning. Her er nokre forslag til klokkeskjermen din for ulike typar treningsøkter og konkurranse innan ultraløp:
Langtur
- Tid: Total tid brukt i rørsle, viktig for å halda oversikt over varigheita.
- Distanse: For å sikra at du legg bak deg ønska distanse for økta.
- Høgdeprofil: Viser kor mykje du har klatra og kor mykje som står att, for energidisponering.
- Gjennomsnittstempo: Viser kor effektivt du held farten i variert terreng.
- Puls: Held deg i rett pulssone for å sikre uthald over lange distansar.
- Vertikal fart: Nyttig for å vurdera kor raskt du klatrar i bratte parti.
Intervalltrening
- Rundetid: Kontroll på intervall og kvile.
- Puls: Sørg for rett intensitet og held den planlagde pulssona. – i sanntid og gjennomsnitt.
- Tempo: For å sikra rett fart under intervalla, sjølv i variert terreng.
- Distanse: For å vite kor langt kvart intervall er.
- Stigning: Vis kor mange høgdemeter som er tilbakelagt – for trening til løp med høgdemeter.
Teknisk trening og bakkeløp
- Vertikal fart: For å overvaka kor effektivt du klatrar i bratte parti.
- Stigning: Sjå kor bratt terrenget er i sanntid, som kan hjelpa deg med å justera tempo og kraft.
- Puls: Så du ikkje overbelastar deg under teknisk krevjande parti.
- Kadens: For å sikra at du held ein høg kadens, som kan vera viktig i teknisk terreng.
- Steglengde: Spesielt nyttig for å justera teknikken på variert underlag.
Konkurransar
- Tid: For å halda kontroll på kor lenge du har vore i rørsle og planleggja energiinntak.
- Distanse: For å vita kor langt du har igjen til mål eller til neste matstasjon.
- Høgdeprofil: Gir mogeligheit for å planleggja i samsvar med stigning og utforbakkar som kjem.
- Navigasjon: Inkluder eit kartfelt eller sving-for-sving-navigasjon viss du er i ukjent terreng.
- Puls: For å sikra at du ikkje overanstrenger deg tidleg i løpet.
- Nedtelling til neste kontrollpunkt: Som kan vera nyttig for førebuing og energipåfylling.
- Utholdenhet Stamina: Estimat basert på intensitet og puls, for å unngå tidleg utmatting.
- Temperatur og Vêr: I lange løp og variert terreng, er det fint å halda eit auge kommande vêrforhold.
Restitusjonsøkt
- Puls: Fokus på å halda deg i lågintensitetsområdet.
- Tid: Overvak kor lenge du har sprunge for å sikra at du ikkje overskrid planlagd tid.
- Kadens: Sjølv under restitusjonsøkter kan det vera nyttig å halda oppe ein god stegfrekvens.
Her er nokre eksempler for skreddersaum av datafelt for trening og konkurranse i ulike løpsdisiplinar:
- Generelt om skreddersaum
- Skreddersaum av datafelt for ultraløp
- Dataskjerm for maratonløper
- Dataskjerm for mosjonisten
- Dataskjerm for helse og vektreduksjon